Advent handlar ikkje om å vente

«Eg manglar julestemning» seier sjuåringen og ser anklagande på meg. Eller kanskje det berre er eg som opplever utsegnet som ei anklage. Me er berre heilt i byrjinga av desember, – det er tre og ei halv veke til jul, og teknisk sett ingen grunn til panikk om julestemninga let vente på seg. Men likevel treff kommentaren noko i meg. For eg drøymer også om langsame desemberfrukostar med lilla stearinlys og krem i kakaoen. Eg lengtar også etter stemningsfulle adventsamlingar rundt spisebordet medan vintermørket utanfor legg seg som eit lunt teppet rundt familieidyllen.

Av: Jorunn Bergo Aarvik

Problemet er at desemberdagane liknar litt for mykje på kvardagane elles i livet: småhektiske, og med ei mengd små og store distraksjonar, klar til å sabotere alle tilløp til oppbyggelege tradisjonar. Det verste er ikkje å hanskast med forventningane frå ungane. Det er forventningane til meg sjølv som valdar meg mest bry. Eg vil så gjerne fylle adventstida til familien med ro, ettertanke og refleksjon, men får det ikkje til. Førjulstida blir sjeldan den harmoniske ventetida eg skulle ynskje.

Det var befriande å oppdage at ordet advent korkje betyr å vente eller forvente. Ordet advent kjem frå latin og betyr «å kome». Det hjelper som kjent ikkje å vera rågod på å vente dersom ingen kjem. Men Jesus kjem, og hans kome avheng takk og pris ikkje av mi evne til kontemplativ venting.

Interessant nok blir adventstida betre når eg  legg til side mine eigne forventningar og mitt eige behov for å meistre, og i staden fester blikket på han som kjem.

Den siste tida har eg gått på skattejakt etter slitesterke adventstradisjonar. For det jo ikkje nødvendigvis så mykje som skal til for å skape ei ørlita dagleg adventssamling heime. Om ein bytter ut det vanlege bordverset med eit adventsvers og tenner adventskransen på middagsbordet, er ein faktisk godt i gang. Så kan ein eventuelt bygge ut med å lese høgt frå adventskalendaren i Superblink eller sjå dagens episode av youtube-kalendaren til Chris Duwe.

I ein barnehage i nærleiken har eg funne den enklaste og mest talande adventskalendaren eg nokon gong har sett: Kalendaren er ein heimelaga plakat med ein engel på veg ned ei trapp med 24 trinn. Dag for dag nærmar engelen seg jorda med bodskapen om at Jesus er fødd. No har me teikna vår eigen kalendar her heime. Den heng på kjøleskapet som ei påminning om at Jesus kjem, og at retningen han beveger seg i går nedover.

Og om adventssamlingane kollapsar i hissige diskusjonar om kven sin tur det eigentleg er til å tenne lysa, festar me blikket på kalendaren og minner kvarandre om kva advent handar om: At Jesus kjem til oss i vårt kvardagskaos og i våre nederlag. Julestemning eller ei.

Velsigna advent!