Kva gjer me for å hindre at påskebodskapen forsvinn for oss i all påskemarsipanen og kviklunsjen? Kan me klare å halde grepet om påskeforteljinga når dagane mistar kvardagsrytmen og fyller seg opp med ferieaktivitetar? Går det an å lage slitesterke, kristne påsketradisjonar som fungerer, år etter år?
Av: Jorunn Bergo Aarvik
Nokre påsketradisjonar er så enkle og allmenne at me nesten har gløymt at dei har eit kristent innhald. Ta berre egget, til dømes. Egget er eit symbol på nytt liv. På same måte som kyllingen sprenger seg ut av egget, kunne ikkje den stengte grava halde Jesus tilbake. Det er altså ikkje alltid nødvendig å tilføre nye tradisjonar for å gje påskedagane eit kristent innslag. Av og til er det nok å bli bevisst dei skattane som allereie ligg framfor oss. Men om ein har lyst til å utvide repertoaret av kristne tradisjonar, kjem det 12 kjappe forslag her:
1: Lag eit påskelandskap
Om du treng inspirasjon, googlar du berre «easter garden», og dermed får du opp eit uttal inspirerande bilete av kreative påskehagar med palmar, kross og grav. Her kan du velje mellom barnevenlege lego-variantar og estetiske blomedekorasjonar. Lat påskelandskapet stå framme, og bruk landskapet til å markere hendingane i påskeveka, dag for dag.
2: Pynt spisebordet
Palmesundag kan det passe å hente inn eit par grøne greiner. Litt flatbrød og ein drueklase kan fungere som borddekorasjon skjærtorsdag. Langfredag kan ein dekorere bordet med ein tornekrans. Og påskedag er dagen for ein stor bukett påskeliljer eller fargerike tulipanar!
3: Bytt ut det vanlege bordverset med ein påskesalme
«De trodde at Jesus var borte» er ein nydeleg, lettfatteleg barnesalme som også fungerer strålande som bordvers.
4: Påskelam er tradisjon
Lammesteik er ein tradisjonsrik påskerett for mange nordmenn, men ikkje alle er klar over at opphavet for tradisjonen er beskriven i 2. mosebok i det gamle testamentet. Jødane et framleis påskemåltidet kvart år til minne om den gong Gud berga folket sitt ut av slavekåret i Egypt. Det var dette måltidet Jesus og disiplane hans åt den siste kvelden før han vart teken til fange av soldatane. Skjærtorsdag passar det difor spesielt godt med ei saftig lammesteik! Les gjerne skjærtorsdagsforteljinga høgt frå ein barnebibel før måltidet.
5: Bak påskebollar til minne om den tomme grava
Bruk ein vanleg bolledeigoppskrift. Putt ein marshmallow i kvart deigemne. Marshmallowsen vil smelte under steikinga og etterlate seg eit tomt hulrom midt inne i bollen, ikkje heilt ulikt den tomme grava til Jesus. NB! Pass på at marshmallowsen blir lukka heilt inne i deigen, slik at ikkje det søte klisset renn ut under steikinga.
6: Les påskeevangeliet saman
Bruk ein barnebibel eller les utdrag frå eit av evangelia, dag for dag. Det enkle er ofte det beste.
7: Sjå ein film saman
Animasjonsfilmen «I miraklenes tid» er ein sterk og fantastisk vakker påskefilm for heile familien, sjølv om nokre av scenene nok er i heftigaste laget for dei aller minste borna. Filmen gjekk på NRK 1 i påsken for nokre år sidan, og er framleis tilgjengeleg på DVD i ein nettbutikk nær deg. “Legenden om Narnia; løven heksa og klesskapet” er ein annan påskefilmklassikar.
8: Sjekk ut Superblink
Den kristne medieklubben «Superblink» har utvikla ein del fine, små teiknefilmar som ligg lett tilgjengeleg ute på nettet. Sjekk ut filmen om påske: https://superblink.no/superfortellinger/paske/ eller test bibelkunnskapen hjå slekta med Superblink sin påskequiz: https://superblink.no/paskekahoot/
9: Mal egg
Kjøp eggfarge på ein hobbybutikk, eller lag dine eigne fargebad av laukskal, svart te, gurkemeie og liknande. Gøym egga utandørs, og send borna ut på eggejakt. Ta eventuelt med deg egg og gryte ut og gjennomfør heile seansen utomhus. Egg kokt på bål smakar heilt fortreffeleg! Snakk saman om kva egget kan minne oss om.
10: Oppsøk ei gudsteneste eller eit kristent møte
Mange av oss feirer påske langt unna vår vanlege menighet. Men kanskje skjer det noko i nærleiken av der du befinn deg som du kan delta på? Om du er riktig heldig, får du kanskje med deg ei utandørs gudsteneste til fjells!
11: Putt eit bibelvers i påskeegget
Mange born får eit egg fylt med godteri i laupet av påsken. Og spør du borna, er antakeleg dette den mest obligatoriske påsketradisjonen av dei alle! Det verkar som om familiar har ulike skikkar med omsyn til kva dag ein deler ut egget. Men om ein ynskjer å kople snopet med oppstandelsesfesten, er det kanskje ein ide å vente til fyrste påskedag. Kva med å putte eit sjokoladehjarte eller ein kjærlighet på pinne i egget og klistre på eit bibelvers? Til dømes Johannes 3,16?
12: Sjå sola danse!
Dette er ein tradisjon for morgonfuglane blant oss: Bestefar min bruka å seie at om ein står tidleg opp påskedag, kan ein kan sjå sola danse. Det er som om heile skaparverket gler seg denne morgonen. Sjekk når sola pleier å stå opp der du befinn deg. Still alarmen på mobilen, og kom deg opp i tide. Om du er riktig morgonfrisk, tek du familien med ut og brenn bål medan de ventar på at solskiva skal vise seg over himmelranden. Stem så opp med «påskemorgen slukker sorgen!» Ventetida blir betre med noko varmt på ein termos. Denne aktiviteten fungerer definitivt best når himmelen er blå og det er fysisk mogeleg å observere ein soloppgang. Men skulle skydekket sperre utsikten til sola, kan du la dette tale til deg: Kristus er faktisk oppstanden,- sjølv om det kan vera vanskeleg å få auge på av og til.
Velsigna påske!
Jorunn Bergo Aarvik er opprinneleg frå Ulvik i Hardanger og bur i Bergen med mann og barn. For tida jobbar ho som barne-og familiekonsulent i NLM Ung.