Kristi himmelfartsdag er kanskje den høgtidsdagen i kyrkjeåret som me har færrast tradisjonar til. Så kva med å innføre nokre splitter nye, lystbetonte, heimesnekra og høgst personlege familietradisjonar?
Av : Jorunn Bergo Aarvik
Mai er ein nydeleg månad, -full av fridagar og langhelger. Kan me klara å gje høgtidsdagane i kyrkjeåret det særpreget dei fortener, eller blir dei berre fridagar, på linje med andre feriedagar?
Sjølve hendingsforlaupet på Kristi himmelfartsdag er skildra i apostelgjerningane: Det er den førtiande dagen etter påskedag. Jesus har ved fleire høve vist seg for venene sine, og no tek han dei med opp på Oljeberget, like utanfor Jerusalem. Der vert han løfta til himmels og forsvinn for augo deira bak ei sky. Medan læresveinane framleis stirrer mot himmelen, står plutseleg to menn i kvite klede framfor dei. Englane fortel at Jesus ein dag skal kome att på same måte som han nett forsvann.
Stemninga er både vemodig og forventningsfull. Me er vitne til ein avskjed mellom vener, men noko nytt og kraftfullt er på veg. Forteljinga er kort, men spekka med konkrete detaljar som det går an å knyte an til: fjell og himmel, skyer og englar. Gjennom å gjera enkle aktivitetar med borna, skaper me eit rom der me kan undre oss over bibelforteljinga og gå på skattejakt etter oversette detaljar i teksten. Her kjem seks forslag til aktivitetar, men kanskje kjem du opp med betre idear sjølv?
1. Gå ein tur!
Har du ein tilgjengeleg fjelltopp eller passeleg stor knaus i nærleiken, er dette det perfekte turmålet. Slik var det Jesus tok avskil med venene sine: På ein topp, midt imellom det travle mylderet nede i byen og himmelen høgt der oppe. Ta gjerne med ein barnebibel, og les forteljinga om Jesu himmelfart under ein rastepause.
2. Pynt spisebordet!
I kyrkjeåret er den liturgiske fargen for Kristi himmelfarstdag kvit, -fargen for fest og glede. Pynt bordet med duk og kvite lys, og forklar borna kvifor du gjer det. Bruk duplofigurar, steinar og bomull til å iscenesette himmelfarten, og plasser figurane som pynt på middagsbordet. Surr gjerne ei remse med kvit serviett rundt to av figurane, og vips har du to englar. Alternativt kan du rote fram eit par englar frå kassen med julepynt.
3. Sjå ein film!
Superblink er ein kristen, norsk medieklubb for barn. Her finn du ei rekke fine, små bibelske animasjonsfilmar. Denne handlar om himmelfarten: https://superblink.no/superfortellinger/himmelen/
4. Bak rundstykke som liknar på skyer!
Her er ikkje målet å trille ut perfekte kuler av deigen. Ekte skyer er som regel både bulkete og asymmetriske. Drysser du mjøl på, blir deigen ei riktig kvit godværssky!
5. Lag og server annan mat som kan assosierast med skyer:
Til dømes marengstoppar, kokosboller, piska krem eller liknande.
6. Studer skyene!
Skulle du vera for sliten eller uførebudd til å orke noko anna: kva med å legge seg på rygg på verandaen saman med borna og studere skyene høgt der oppe. Les gjerne høgt for kvarandre frå Lukas 24, 50-52 om korleis Jesus velsigna venene sine medan han vart borte for augo deira.
Velsigna Kristi himmelfartsdag!
Jorunn Bergo Aarvik er opprinneleg frå Ulvik i Hardanger, men bur i Bergen med mann og barn. For tida jobbar ho som barne-og familiekonsulent i NLM Ung.