Korleis feirar du pinse? Åtte tips til barnevenlege pinsetradisjonar!

Det er kanskje ikkje så rart om tilfeldige forbipasserande på gata flakkar med blikket når journalistar frå lokalavisa vil vite kvifor me feirer pinse. Sjølv for gamle kyrkjetravarar kan det vera utfordrande å forklare bakgrunnen for denne høgtida.  

Av: Jorunn Bergo Aarvik

Problemet med pinsen er ikkje at den er så abstrakt. Tvert imot er pinseforteljinga full av fargerike detaljar og sterke sanseinntrykk. Utfordringa er vel heller at høgtida er så innhaldsrik at det kan vera vanskeleg å femna alle dimensjonane.

Pinseforteljinga finn me i Apostelgjerningane 2,1-41: Ti dagar etter at Jesus vart teken opp til himmelen, er læresveinane samla i Jerusalem for å feire pinse. Den jødiske pinsen var både ein haustfest som markerte at kornet var i hus, og ein fest til minne om då jødane fekk dei to lovtavlene ved Sinaifjellet. Brått vert huset fylt av noko som minner om kraftig vind, og eldtunger set seg på kvar av læresveinane. Dei vert fylte av Den heilage ande, og byrjar å forkynne på framande språk. På grunn av pinsefesten, er jødar frå Asia, Europa og Afrika samla i Jerusalem. Og kvar av dei tilreisande konstaterer med undring at desse ulærde galilearane talar på deira eige morsmål. Så står Peter fram og siterer profeten Joel, der det heiter at Gud ein dag vil late sin Ande ause ut over alle menneske. Det er dette som no går i oppfylling framfor augo på dei. Slik jødane fekk overlevert Guds ord ved Sinaifjellet 1200 år tidlegare, vert evangeliet no gjort tilgjengeleg for alle dei framandspråkelege pilgrimane pinsedag. Tre tusen tek imot kallet til omvending og let seg døype, og dermed er den kristne kyrkja etablert.

Pinsen vert med rette omtala som kyrkja sin fødselsdag. Samstundes har altså pinsen djupare historiske røter som me godt kan ta med oss. Kanskje kan me la oss inspirere av den jødiske tradisjonen med å feire overleveringa av Guds ord? I Norge gjer me ære på grunnlova vår når me kvar 17. Mai steller i stand fest. Pinsedag er på ein måte den kristne kyrkja sin grunnlovsdag, der me minnest overleveringa av lovtavlene på Sinaifjellet. Bursdag og grunnlovsdag på same tid, altså. Det er vel verd ei skikkeleg feiring!

1: Lag fruktsalat!  

For jødane var altså pinsen også ein innhaustingsfest, der ein feira at fyrstegrøden var berga i hus. På våre breiddegrader kjennest det underleg å skulle feire ein haustfest på forsommaren. Likevel har denne dimensjonen av pinsen noko verdifullt over seg. I 1. korintarbrev 15,20 kan me lesa at Jesus er vår fyrstegrøde. Kanskje er dette vanskeleg tilgjengelig for dei minste borna. Men det kan likevel vera ein fin tradisjon å markere pinsen med ein skikkeleg fruktsalat. I Galatarbrevet 5,22 finn me ei opplisting av Andens frukter: kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin. Finn ni ulike fruktslag, og lat kvar av fruktene symbolisere ei av Den heilage anden sine frukter. Lat borna delta i oppkuttinga av fruktene, og gled dykk over dei søte smakane!

2: Tenn raude lys! 

I kyrkjeåret har alle sundagar og høgtidsdagar sin farge. Pinsen har same farge som elden. Finn fram juleduken, og pynt med raude stearinlys. Spør gjerne borna kvifor dei trur raudt er pinsen sin farge.

3: Les Bibelen! 

Les pinseforteljinga i Apostelgjerningane 2 saman med borna. Samanlikn gjerne teksten med forteljinga frå Sinaifjellet i 2. mosebok 19. Er det noko som er likt? Kva er ulikt? Kvifor heng desse to bibeltekstane saman?

4: Lag ein skikkeleg bursdagsfest! 

Kva med å skjere platesjokoladekaka ut som eit kyrkjebygg? Eller la kakelysa symbolisere eldtungene på hovudet til disiplane?

5: Brenn pinsebål! 

Nokre stader i landet er det framleis vanleg å tenne pinsebål. Dette er ein vakker tradisjon, så sant ein ikkje set fyr på omgjevnadane sine.  Brannforeskriftene våre opnar for at det kan tennast bål i sommarhalvåret «der det åpenbart ikke kan medføre brann».

6: Feir Bibelen! 

Den jødiske pinsen vert kalla shavuot, og vert innleia med ei vakenatt. Denne natta bruker jødane til å studere og samtale om dei gamaltestamentlige skriftene. Kanskje kan me late oss inspirere, og bruke pinsen til å løfte fram Bibelen? Gjer bibelesing til ein lystbetont fellesaktivitet for heile familien! Treng du inspirasjon, kan du sjekke ut nettsida til israelsmisjonen: https://www.israelsmisjonen.no/artikkel/article/153669 eller bibel.no: https://www.bibel.no/InspirasjonMeditasjon/Aktiviteter-og-materiell/Bruk-Bibelen

7: Delta i ei økumenisk gudsteneste!  

Pinsen minner oss om at alle kristne høyrer saman i ei verdsvid kyrkje, i kraft av Den heilage ande. Mange stader går dei ulike kyrkjesamfunna saman om å arrangere økumenisk gudsteneste 2. pinsedag. Sjekk om det skjer noko der du befinn deg.

8: Pynt med ei due! 

Den heilage ande vert ofte symbolisert med ei due. På nettsida pinterest.com finn du eit utal hobbyidear til korleis du kan lage ei due eller annan pinsesymbolikk. Bruk gjerne engelske søkeord, som «craft for kids», «pentecost», «dove» og «holy spirit»

 

Ha ei velsigna pinsehøgtid!

 

 

Jorunn Bergo Aarvik er opprinneleg frå Ulvik i Hardanger, og bur i Bergen med mann og barn. For tida jobbar ho som barne-og familiekonsulent i NLM Ung.