24-7?

«Det skal merkast heime hos oss at det er Guds ord me innrettar livet vårt etter, at det er Han som har førsteplassen i liva våre»  Korleis gjer dette seg utslag i kvardagen vår?

Trusopplæring er ikkje eit moderne fenomen. I 5.Mosebok gjev Moses folket eit altoppslukjande oppdrag: Israelsfolket skal bruka ein kvar anledning til å bringa orda frå Gud vidare til nye generasjonar. 

Så ber då desse orda mine i hjarte og sinn. Bind dei om handa som eit teikn og ber dei på panna som eit merke. 

Lær dei vidare til borna dykkar, snakk om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp. 

Skriv dei på dørstolpane i huset ditt og på portane dine. 5.Mos 11:18-20 

Det virkar vel litt i overkant å kjøra på med trusopplæring i dette tempoet. Me tenkjer at barna kjem til å bli vaksinerte dersom dei skal gjennom eit slikt «regime».  

Eg trur ikkje dette betyr at me skal ha andakt mange gonger for dagen, og berre lesa kristne bøker eller aldri gå på fotballkamp… 

Men nøkkelen tenkjer eg ligg i den første setningen: «ber desse orda mine i hjarte og sinn»  

Det skal merkast heime hos oss at Guds ord er det som me innrettar livet vårt etter, at det er Han som har førsteplassen i liva våre, at det er det Hans stemme som er verd å lytta til, at det er Hans sinnelag som pregar oss.  

  • Korleis møter me vennene til barna våre? Føler dei seg velkomne, sett og elska? Er det plass til dei ved bordet? 
  • Kva pregar oss når me er ute i trafikken? Blir me forarga og utålmodige på dei som ikkje er kjappe nok ut av lyskrysset? 
  • Kva kommentarar har me om oss sjølve når me ser oss i spegelen? Sukkar me over at magen er for stor eller at nasa er for klumpete? 
  • Korleis omtalar me naboane våre, eller den læraren me ikkje likar? 
  • Kva vitsar ler me av i underhaldningaprogramma på TV? 
  • Korleis snakkar me om forsamlinga/menigheita me tilhøyrer? 

Lista kan gjerast like lang som dagen er full av opplevelsar. Å halda fram Guds ord er ikkje berre å lesa Bibelen og tenkja at då er jobben gjort. Det er å la det få plass i «hjarte og sinn» slik at det kjem ut i armar og bein, munn og blikk. 

Brit Kari Urdal er 53 år og bur i Kristiansand. Leiar for NLM ung i Region sør. Gift, tre barn og tre barnebarn. Glad i Jesus og i sjokolade.