Skal det vera litt trusopplæring til sundagskaffien?

Har du tenkt over at den søte og saftige fastelavensbollen bokstaveleg tala er ein forsmak på påsken?

Jesus brukte ofte bilete når han tala. Ein gong snakka han om kveitekornet. Eit korn er berre eit korn, men om det blir lagt i jorda og døyr, kan det spire og bli til mange nye korn. Dette sa Jesus for å førebu venene sine på det som skulle skje i påsken. Jesus skulle jo også gje livet sitt for at mange menneske skulle få leve.

I Johannes 12,24 står det at kornet som døyr i jorda skal bere rik frukt. Det høyrest litt rart ut, for det veks vel ikkje frukt på kornaksa, gjer det vel? På dei gule, stive kveiteaksa veks det berre små, harde korn. Men desse kveitekorna kan malast til mjøl som me kan bake store, saftige kveitebollar av. Så på ein måte kan me kanskje seie at den søte og runde fastelavensbollen er ein slags frukt av kveitekornet i jorda?

Det er noko å grunne over medan me set tennene i ein bolle med krem til sundagskaffien. Fastelavensbollen er rett og slett ein forsmak på det store underet me feirar i påsken: Jesus døydde for at me skal få leve!

God fastelaven!

Jorunn Bergo Aarvik er opprinneleg frå Ulvik i Hardanger, men bur i Bergen med mann og barn. For tida jobbar ho som barne-og familiekonsulent i NLM Ung.