Då alle stemte i på refrenget

Eg er glad eg vaks opp på 80-talet med kassettar i bilen. Replikkane i bibelhistoriene til Ivar Skippervold sat som spikra i baksetet. Stemninga var upåklageleg når alle i bilen var med på moduleringa til Børudgjengen. Og når stemma til nyheitsopplesaren om Marianella Garia Veas J (på kassetten ”Flammen” til Rune Larsen) kom, gjorde den sterke inntrykk. Seinare song alle barnekora i Noreg GlaVox-songar, og slik gjekk dagane.

av: Thea Frøystad

Vi er ein heil generasjon med fellesreferansar. Dei same tekstane og melodiane har skapt tilhøyrigheit og fellesgrunnlag. Dette har vore med på å forme oss som vaks opp i kristenmiljøet til dei vi er som foreldre i dag. Eg skal vakte meg vel for å seie at alt var mykje betre før, men akkurat dette var litt enklare faktisk!!

Mine born har vakse opp med CD og VHS med til dømes Lisa Børud, og filmen ”Min båt er så liten” var verdens beste barnevakt til tvillingane. For minstemann gjorde DVD-ane til Jarle Waldemar susen.

Kva fellesreferanse av den kristne kulturen vil born som veks opp i dag ha? Kva for eit refreng vil du ditt barn skal synga for å utrykkje glede eller smerte? Eller finne håp og trøyst? Det var på fleire måtar enklare før, ironisk nok. Den nyaste kassetten eller CD-en kom ut og ”alle” kjøpte den for så å trykkje på play. Vi lærte også dei songane som var litt kjedlegare, for det var så mykje styr å spole. (Eg er klar over at eg høyres litt gamal ut).

I dag er det meir krevjande som forelder å henge med, orientere seg om kva musikk som er der ute, og kva som er kjekk musikk for sine born. Alle høyrer ikkje på den same musikken lengre. Så når vi skal synge ein song som vi er sikre på at alle kan, endar vi opp med ”Om jeg er liten eller stor”. Eg trur det er viktig at alle foreldre i dag koblar seg på og gjev kvarande tips og oppmuntring til å gi desse refrenga ein plass i kvardagen. Eg har sett og erfart kor viktige slike refreng kan vere for folk i sårbare situasjonar.

Ferieplanlegginga er i desse tider godt i gong. Kva er sommarmoten? Kva klede passar frå i fjor til i år.. Har vi ny solkrem? Kanskje skal du planlegge kva musikk vi i fellesskap skal lytte til på bilturen sommaren 2018.

#DÅVINDAUGAVARHEILTNEDRULLAOGALLESTEMTEIPÅREFRENGET #DENKJENSLA #LIVET #MIFAMILIE<3

I dag er eg takksam for å vere miljøskada av desse refrenga. Eg har fortsatt bruk for dei i min kvardag. Difor er dette min motivasjon til å fortsette å lære born i dag slike refreng. Eg har drive barnekor sidan 1995, ikkje på grunn av mine musikalske eigenskapar, men på grunn av refrenga om verdas beste venn.

Thea Frøystad er mamma til to gutar og ei jente. Ho arbeider som nettverksleiar i FriBU og barne- og familiearbeidar i Herøy Frikyrkje. Ho har arbeidd i ei årekkje med kor- og barnearbeid.