Rutine, repetisjon, forbilde

Mitt største ønske som mamma er at borna mina skal få ei eiga tru på Jesus og følgje han heile livet. Min største angst i livet er at dei skal ville seg bort frå Jesus. Så kva kan eg gjere? For det første så må eg få kvile i at mine born, er Guds born, og Han elskar borna mine meir enn eg. «Og eg er viss på at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag» (Fil. 1:6). Eg må òg få kvile i at det eg kan gjere er å plante frø og vatne. Resten må Gud gjere. (1. Kor. 3:7-9). Men det tar ikkje bort vårt ansvar som foreldre. Gud bruker oss!

Av: Kaisa Ruth Furberg

Så kva gjer vi? Eg vil tipse om 3 ord som har vore til hjelp for oss:

  1. Rutine

Vi har mange rutiner og rutiner er bra. Med rutiner blir det lettare å både hugse på det og å utføre det. Ei rutine blir ein del av kvardagen og dermed ikkje noko ein må  mase om. Til dømes les vi i vår familie ein kort andaktsbok og ber for dagen på morgonen og på kvelden les vi ein barnebibel og ber for natta. Borna våre veit at dei ikkje får gå frå bordet før vi har lese og bedt. Derfor høyrer vi ofte: «Kan vi lese andakt no så vi kan få gå frå bordet?». Rutine.

  1. Repetisjon

Då dottera vår var under året begynte vi å lese i ein liten barnebibel. Då ho var 2 år kom lillebror og då ho var 3,5 år kom yngstejenta vår. Vi las same barnebibel så lenge at eldste dottera til slutt sa ein kveld: «Og i morgon skal vi lese om…». Ho kunne heile bibelen utantil! Vi har sidan dess brukt andre andaktsbøker/barnebiblar òg, men repetisjon er bra! Det er så lett at vi som foreldre trur at borna må ha noko nytt, noko spennande, heile tida. Men born likar repetisjon og dei lærer seg mykje gjennom repetisjon. Og trua deira mognast så dei forstår meir enn dei gjorde førre gongen de las.

  1. Forbilde

I ei undersøking gjort i USA viste resultata at dei fleste som er kristne som vaksne hadde tatt imot Jesus innan 13 års alder. Resultata viste òg at heimen var den viktigaste faktoren til at ein person vart bevart som kristen. Det var altså ikkje søndagsskulen eller forsamlinga/ungdomsleiaren, ikkje heller kompisar, som vi gjerne ofte kan tru. Det du gjer som far eller mor er viktig!

«Born lærer meir av det du gjer, enn av det du seier», heiter det. Til dømes: Er andaktsstunda med familien viktig for deg? Då blir den viktig for borna dine. Eller: Er det viktig for deg å gå i forsamlinga  eller blir du heller heime om du er trøytt/sliten og går litt no og då når du «kjenner for det?» Og: korleis handterer du kriser i livet ditt? Legg du det fram for Gud i bøn?

Ta med borna dine i kristenlivet ditt! Borna ser kor viktig trua di er for deg – du er eit forbilde! Lat Jesus bli ein del av kvardagen din ilag med borna dine!

Litt sutring og motstand vil vi alltid møte hos borna våre. Eg er mor til tre små under 9 år og alt no kan dei sutre litt om dei ikkje «kjenner for» å gå til forsamlinga eller lese andakt. Det var ikkje alltid eg heller syntest det var det kjekkaste då eg vaks opp, men dess større eg vart, dess meir såg eg verdien av det. Og no som vaksen ser eg at det at mamma og pappa viste meg trua si i alt; i heile livet både i glede og i sorg, i andaktsliv og i forsamlingsliv, er den største faktoren til at eg i dag er ein kristen.

Ein  dag eg hadde angst for om eg strekte til, gav Gud meg eit vers som eg vil gje til deg : «Som ein hyrding skal han gjæta si hjord. Han skal samla lamma i armen og bera dei ved barmen, og lamsauene skal han leia» (Jesaja 40:11). Jesus er vår hyrding og han held borna våre tett inntil hjartet sitt, og vi som er foreldre leier han! Så trygt og godt å kvile i!

Til slutt nokre konkrete bok- og illustrasjonstips:

  • Finn ein barnebibel der borna får lære heile bibelen; heile den raude tråden, ikkje berre dei mest kjende historiene. Det er vanskelegare å finne ein slik bibel for dei aller minste så her vil eg kun anbefale denne: «The big picture story bible». Store og fine bilder og veldig enkel engelsk tekst som er lett å oversetje.
  • «Resurrection eggs». Desse egga er geniale og vi brukar dei kvar påske.
  • Søk på «Ministry to children, object lesson» i google så får du opp mange tips på ting du kan vise fram for borna og bruke som illustrasjon for å fortelje ei bibelhistorie eller ta opp eit emne. Dette er ofte meir effektivt sidan born lærer meir når dei ser noko/kjenner på noko, enn når dei berre høyrer noko. Om du veit kva du vil ha illustrasjon til kan du søke på «object lessson» og til dømes «easter».
  • Syng Guds ord. Dette er eit materiale som lærer borna bibelvers utantil med song. Veldig enkle songer som borna lærer fort. Vi brukar heile materialet: Cd, notehefte og andaktsbok. Du finn materialet på proklamedia.no.

 

Kaisa Ruth Furberg (39 år) bur for tida i Sverige ilag med mannen Jörgen og tre born (jente 5,5 år, gut 7 år og jente 9 år). Lærarutdanna, men har dei siste 9 åra vore heime og jobba deltid i nyplanta forsamling som hovudansvarleg for barnearbeidet.